Regjeringa vil auke straumstøtta til idretten og frivilligheita

ØKER STRØMSTIØØTEN: Regjeringen øker strømstøtten til frivilligheten, fastslår stortingsrepresentant Åse Kristin Ask Bakke (Ap). Foto: Arbeiderpartiet

Kronikk av stortingsrepresentant Åse Kristin Ask Bakke (Ap), kulturpolitisk talsperson og medlem av familie- og kulturkomiteen

Vi er inne i ei krevande tid – både for idretten og frivilligheita, familiar og næringsliv. Derfor foreslår vi no å auka straumstøtta til idretten og frivilligheita slik at ho òg framover er likstraumstøtta vanlege familier får. Det vi derimot ikkje kan ty til når vi no står oppe i ein straumkrise med kraftunderskot, og den høgaste prisveksten sidan 1980-talet, er enkle løysingar om makspris, slik Frp og Rødt ropar om.

Ropet til idretten om hjelp tek vi på alvor. Derfor har regjeringa sidan desember 2021 sørgd for ei straumtøtte. No vil vi auka ho ytterlegare frå 80 til 90 prosent støtte når straumprisen er over 70 øre per kWt. Vi veit at klubbane og frivilligheita gjer det dei kan for å skjerma barn og unge i den krisa vi står i, og vi veit òg at ordninga ikkje kompenserar de auka straumprisane fullt ut. Men at det er eit svært viktig bidrag. Det ser vi på talet på søkare og millionane som hittil er utbetalt. Utan ei straumstøtte no hadde straumrekninga til fleire vore dobbelt så høg.

Regjeringa har i tillegg til å auka straumstøtta, oppfordra energiselskapa om å innvilga betalingsutsetjingar til lag og foreningar. Hafslund Oslo Celsio har allereie stilt seg positiv til det. Regjeringa jobbar òg med løysingar for å sikra raskare utbetalingar av støtta for dei som slit og ikkje får betalingsutsetjingar, då vi vet at det kan vera krevande å forskuttera straumrekninga.

Vi er heilt nøydde til å gjere den vanskelege balansegangen som krevs av enkvar ansvarleg regjering. Både å hjelpa, men samstundes ikkje ty til enkle løysingar som makspris. For det kan bidra til overforbruk av straum og meir inflasjon, som kan gi raskare og høgare rente enn varsla.

Eg er glad for at regjeringa gjennomfører konkrete tiltak for å bygga ut meir kraft og meir nett, samstundes som vi sørgar for trygg økonomisk styring og ein av Europas rausaste straumstøttar.

Copyright © Alle rettigheter tilhører Sosialdemokraten.no. | Newsphere by AF themes.